Emineo er eit byggkonsern lokalisert i Søvika i Ålesund kommune. Våre hovudaktivitetar er total- og delentrepriser, bustadbygging, prefabrikering, treemballasje, samt areal- og eigedomsutvikling.

Eit av våre siste prosjekt;
FLEIRBRUKSHALL I SØVIKA

I tillegg til å støtte prosjektet fekk vi det ærefulle oppdraget med å gjennomføre prosjektet som totalentreprise for byggherren; Norborg Anleggsutvikling. Hallen blir dreven av Foreninga Norborg Fleirbrukshall og sto klart til innflytting og bruk sommaren 2021.

Den nye og moderne fleirbrukshallen har kapasitet til å samle bygdefolket til store arrangement. Dette blitt eit populært og viktig samlingspunkt for bygdene i Norborgland og ikkje minst ein viktig arena for å bygge vidare på dei gode badminton- og fotballmiljøa i klubben. Bygninga innehold fleire mindre og mellomstore rom for møter og arrangement i tillegg til full størrelse sportshall med klatre- og buldrevegg, golfsimulator, squashbane og styrketrening- og aktivitetssaler.